VAFLER OG KAFFI!


VAFLER OG KAFFI!


I Valen kyrkje onsdag 16. september kl. 11-13.

For nokre år sidan starta Husnes og Holmedal sokneråd opp med kyrkjekafé i Valen kyrkje kvar tredje onsdag i månaden. Det har blitt eit hyggjeleg treffpunkt for mange. Me har kalla det kafé. Ein kan stikka innom og vera så lenge ein har tid, frå klokka 11-13. Fleire har med strikketøy og nokre har med nistepakke. Praten går og folk har det triveleg saman.

Onsdag 16. sept startar me opp att. Du er velkomen til kyrkjekafé i Valen kyrkje.

Vafler, kaffi og triveleg selskap.

Helsing Liv slettemark

Tilbake