I kyrkjegardsvedtektene for Kvinnherad heiter det i § 8
Mot betaling av ein bestemt sum til eit gravlegat kan Kyrkjeleg Fellesråd overta ansvaret for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert forvalta av kyrkjeverja som legatstyrar. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgifter til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal ved kvart einskild høve opprettast legatavtale.
Gravlegatet kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn fredingstida eller festetida som ligg framføre. Dersom det oppstår slike økonomiske tilhøve i legattida av midla ikkje rekk til, skal legatstyrar gje melding om dette til den som er ansvarleg for gravstaden/festaren. Det er då høve til å auka legatet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midla er brukt opp.
Dersom det er midlar att av legatet når tida er ute, kan dei brukast av Kyrkjeleg Fellesråd til å gjera kyrkjegarden vakrare.
Gravlegata vert forvalta i fellesskap , men legatstyrar fører eige rekneskap for kvart legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidla.
Ta kontakt med
Kyrkjekontoret i Kvinnherad
Klubbavikjo 9
5451 Valen