Ordføraren måtte ikkje på vatnet, men det vart eit strålande resultat!
Her er ein oversikt over kor mykje som vart samla inn i dei 8 sokna våre under årets Fasteaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp.
Fjelberg og Eid |
32.561,- |
Husnes og Holmedal |
78.404,- |
Kvinnherad |
29.660,- |
Uskedal |
22.505,- |
Varaldsøy |
9.385,- |
Ænes |
400,- |
Ølve og Hatlestrand |
3.788,- |
Åkra |
8.238,- |
Samanlagt vart det altså samla inn ca kr 185.000,- i Kvinnherad kommune. Dette er eit fantastisk flott resultat, og med tanke på at ein for kr 300,- sikrar reint vatn for éin person resten av livet, så er midlane frå Kvinnherad med på å gi reint vatn til 617 personar!
Takk til konfirmantane som gjekk med bøsse og stod på stand! Takk til sokneråda og til alle som har støtta fasteaksjonen!
På www.fasteaksjonen.no kan du lesa meir om dei innsamla midlane under årets fasteaksjon.
Jan-Ove Fagerheim