- Tone R. Hellesøy på miniturné til Halsnøy, Varaldsøy og Bergen!
Tone R. Hellesøy er singer-songwriter og har skrive songar sidan ho var 16 år. No legg ho ut på sin første miniturné med band, med konsertar i Kvinnherad og Bergen.
Musikken spenner frå det rolige til det groovy, med gospel og pop i botnen og innslag av blues, jazz, funk og soul. Tekstane handlar om livet, kjærleiken, Gud, trøyst og håp – og kanskje aller mest om fridom.
Konsertane har ei lun og varm stemning, med både alvor, humor og moglegheit for publikum til å bli med på enkle refreng og rytmar. Songane kan gi rom for ettertanke, trøyst og kvile – eller ganske enkelt ei god musikalsk oppleving.
Med seg på scena har Tone R. Hellesøy eit dyktig band: Arne Skorpe Sjøen på trommer, Christian Meaas Svendsen på bass og Erik Kimestad Pedersen på trompet. Tone sjølv syng og spelar piano, medan Stig Klette styrer lyden.
Velkommen til «Songs of Freedom»!
📍 Fredag 2. oktober kl. 19.00 – Halsnøy Samfunnshus
📍 Laurdag 3. oktober kl. 16.45 – Varaldsøy kyrkje
📍 Søndag 4. oktober kl. 18.00 – Café Sanaa, Bergen
