Salmekveld i Kvinnherad kyrkje, torsdag 24. september kl 19.00.
Kven var eigentleg Lina Sandell – kvinna som har gitt oss nokre av dei mest kjære og trøystande salmane våre? Fung. sokneprest i Røldal og Skare, Bengt Arvidsson, ynskjer å gje oss nokre av svara.
Lina Sandell vart fødd 3. oktober 1832 i Fröderyd i Sverige. Faren hennar var presten Jonas Sandell. Ho heitte eigentleg Carolina, men brukte berre Lina frå ho var barn.
Alt tidleg oppdaga faren at Lina hadde eit spesielt talent for å skrive dikt. Det fekk ho god tid til. Lina var mykje sjuk gjennom oppveksten og måtte ofte halde senga. Kanskje var det nettopp i dei stille stundene, mellom sjukdom og kvile, at mange av dei vakre orda hennar fekk vekse fram.
I 1853 gav Lina ut si første diktsamling. Etter kvart kom det mange fleire. Ho fekk eit langt liv som salmediktar, sjølv om hennar eige liv ikkje vart så langt. Lina døydde i 1903, berre 71 år gammal.
Men orda hennar lever vidare!
I Sverige er salmane hennar framleis mykje brukte i både gudstenester og gravferder. Også her i Noreg har vi teke Lina Sandell og dei vakre, trøystande salmane hennar til hjartet. «Blott en dag» og «Bred dina vida vingar» er berre to av dei mange salmane hennar som står i Den norske salmeboka.
Har du lyst til å bli betre kjend med Lina Sandell og det dramatiske livet hennar?
Torsdag 24. september kl. 19.00 inviterer vi til kyrkja. Der får du høyre meir om Lina Sandell, og vi skal syngje og lytte til fleire av dei kjære salmane hennar.
Hjarteleg velkomen!