Søndag 16. august kl. 11.00 vert det Fellesgudsteneste i Ænes kyrkje.
Det er felles køyring frå Kvinnherad kyrkje kl.10.15. Vi har plass til fleire om nokon treng skyss.
Har du vore i kyrkja på Ænes? Ænes kyrkje er den eldste kyrkja i Kvinnherad. Ho ligg fint ved inngangen til den vakre Ænes-dalen. Det er ei lita og intim steinkyrkje som vitnar om dei aller første kristne tidene i Noreg. Ho var privat eigd på eit høvdingesete.
No kan du koma og oppleve gudsteneste og salmesong i kyrkja. Etterpå er det kyrkjekaffi, og nokon har tenkt seg på tur oppover den vakre dalen etter gudstenesta. Du er hjarteleg velkomen til å vera med.
Helsing
Kjersti Brakestad Boge, sokneprest i Kvinnherad
tlf: 95262022