Det er mange som ynskjer å vatna på gravplassane i varmen. På eit par av gravplassane har vi no noko utfordring.
I Åkra er brønnen tom og her må vi vente på skikkeleg regn og tilsig før vi får vatnet tilbake. For lokale besøkjande vil vi oppmoda om å ta med vatn. Fyll gjerne ei flaske eller to. Saman med naboen vår skal vi sjå på ei løysing med nokre dunkar, men det er då i fyrste rekke tenkt for dei som kjem tilreisande eller av anna årsak ikkje kan ha vatn med seg.
Ved Uskedal kyrkje slit vi med trykket på vatnet. Det betyr mellom anna at ein ikkje kan nytta fleire kranar på same tid og at ein må ha litt tålmod når ein skal fylle opp kanna. Fagfolk er på saka, men vi må nok vente til etter ferietid før dette kan ordnast.
Til slutt ei lita påminning: Hugs å sette kannene tilbake. Då finn neste besøkjande kanne til å vatne på den grava dei har ansvar for.
Med helsing
Torstein Aarthun
Kyrkjeverje/ Dagleg leiar