Konsert i Kvinnherad Kyrkje


Konsert i Kvinnherad Kyrkje


Den kjende og kjære songarinna Marianne Juvik Sæbø kjem til Kvinnherad kyrkje søndag 8. mars, akkompagnert av den dyktige pianisten Terje Kleppe.

Sæbø, som er kjend for si klåre stemme og ei mellommenneskeleg tilnærming til musikken, vil framføra eit variert program som spenner frå klassisk til moderne songar. Mellom anna har ho lova å synga «Gabriellas Sång». Duoen serverer også songar frå salmeskatten vår, nokre små snuttar tonesett livsvisdom av Olav H. Hauge, litt gospel og ein allsong. Marianne knyt tankar og opplevingar til sangtekstane. Med Kleppe på tangentar blir dette garantert ei unik, groovy og rørande stund.

Vi inviterer alle til å koma og nyta denne tidlege vårkvelden med herleg musikk i den vakre, gamle kyrkja vår. Konserten startar klokka 18:00. Dørene opnar klokka 17:30.

Billettsal i døra (250,- for vaksne og 100,- for born opp til 18 år).

Velkomen til ei minneverdig konsertoppleving i Kvinnherad Kyrkje!

Arrangør: Kvinnherad Sokneråd, Rosendal Bedehus & JesusKvinner Rosendal

 

«Eg fekk frysningar då eg høyrde Marianne synga «Gabriellas Sång» på ein konsert i Fredrikstad for nokre år sidan. Sterkt! Eg gler meg så til å høyra den live igjen.»
(Tone)

«Det handlar om livet, og det handlar om tru, og det handlar om å vera eit medmenneske.»
(Marianne)

 

Tilbake