På søndag inviterer kyrkja til karneval i to av bygdene våre. Kl. 11.00 vert det karnevalsgudsteneste i Helgheim (Uskedalen) og kl. 17.00 i Husnes kyrkje.
NB! Dersom nokon skulle vera i tvil: Dette bilete frå Husnes kyrkje er KI-generert.
Kle deg ut om du vil! (Ikkje heildekkande maske). Trusopplærarane og andre tilsette i kyrkja har funne fram utkledningsklede og gler seg til å treffa alle som kjem.
I forkant kan ein koma for å få låna utkledningsklede dersom ein ynskjer det og etter gudstenestene vert det saft/kaffi og boller. Desse gudstenestene er laga spesielt for dei som blir 7 eller 8 år i år. Dei har fått invitasjon i posten, men alle andre er sjølvsagt og velkomne til å vera med.
I gudstenesta syng ein ilag, høyrer Bibel-forteljinga om Jesus og Bartimeus og så kan ein gå rundt i kyrkja på ulike stasjonar der ein kan snakka med Gud på ulike måtar. Dette kallar me ei bønevandring. Kristine Hestad vil fortelja frå turen til Etiopia med Kirkens Nødhjelp som ho fekk vera med på i haust. Vi får høyra om korleis vi kan vera med og hjelpa andre.

I haust var Kristine Hestad og Jan-Ove Fagerheim med Kirkens Nødhjelp på ei mobiliseringsreise til Etiopia. Kristine vil fortelja litt frå turen på karnevalsgudstenestene.
Kvifor feirar ein karneval i kyrkja?
Karneval betyr «farvel kjøtt» og over heile verda markerer karnevalet inngangen til fastetida. I fastetida har tradisjonen vore at ein skal avstå frå kjøt, leve enkelt og førebu seg på påska sin bodskap. I kyrkja er det rom for heile livet: leik og alvor, liv og død. Når kyrkja inviterer til karnevalsgudstenester, er det nettopp for å ta både livets alvor og leik inn i kyrkja.
Ta gjerne med deg heile familien, fadrar og naboar. Vi gler oss til å sjå deg i kyrkja!