Informasjon om drop in-vigsel


Informasjon om drop in-vigsel


Laurdag 14 februar tilbyr kyrkja i Kvinnherad «drop-in»- vigsel. Her finn du meir informasjon!

Har de tankar om å gifte dykk kan dette vera ein god mulighet til ein fin vigsel utan at de treng mykje planlegging. Her kan ein halde kostnadane nede om ein ynskjer det.

Kor og når?
Dette tilbodet er i Kvinnherad kyrkje i Rosendal. Vi er i kyrkja frå klokka 12.00-16.30 eller så lenge det er behov for det.

Kva må være klart?
Alle må ha prøvingsattest. Dette er ein absolutt føresetnad. Prøvingsattesten er det skatteetaten som syter for og du finn informasjon på <<< nettsida til skatteetaten >>>. Dette går ofte fort om det ikkje er særskilde tilhøve som skulle tilseie noko anna. De må og ha med legitimasjon som kan legitimere kven de er.

Alle må og ha kvar sin forlovar som vitne. Om de ikkje har forlovarar kan de ta kontakt med oss så kan vi hjelpe med nokon som kan vera vitne.

Sjølv om det er muleg å koma på «drop-in» den dagen er det beste om de kan gje oss ei melding på førehand. Då kan vi sette av eit klokkeslett for dykk og organisere dette best mogeleg. Ring oss på telefon 905 31 910 eller send oss ein e-post. på post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no

Kva skjer den dagen ?
Den dagen treff de ein prest som går gjennom vigselen med dykk. Etterpå vil det vera ein kort vigsel etter kyrkja sin liturgi /rituale. Dette inneheld mellom anna salme, tekstlesing, tale og forbøn.

Solosong:
Rebekka Attramadal som er organist hjå oss er og ein habil pianist og songar. Ho har lova ein solosong til kvart av brurepara. Her kan de velja fritt mellom:

Fordi eg elskar deg- Dylan/Bratland
Fields of gold- Eva Cassidy
Here, there and everywhere- Beatles
Ett liv för mig- Anders Edenroth
Make you feel my love- Dylan
Den finaste eg veit- Hellbillies

Vil de ha noko meir?
Gjøa stiller med treretters middag til kroner 645,- pr person til dei som ynskjer det. Dette må bestillast minst 5 dagar på førehand. Hugs å oppgje antal personar. De vil då koma til eit dekka bord og menyen er klar. Drikke bestiller de utanom då, og de får gode forslag frå dei tilsette.

Meny:

Forrett:
Klosterlaks m kremet agurksalat
eller
Bruschetta m tomat, mozzarella og basilikum

Hovedrett:
Enrecote m peppersaus, sauterte grønnsaker og gratinerte poteter
eller
Fjellørret m kaperssaus, dagens grønnsaker og potet

Dessert:
Husets snopekake m smørkrem,sjokoladekrem, frukt og bær
eller
salt karamell ostekake

Husk å bestille dette på e-post direkte til Gjøa og merk det "bryllup 14.02".

(post@gjoa-rosendal.no)

 

Foto:

Det kan væra kjekt å ha foto frå denne hendinga. Fotograf Atle Helland vil vera til stades og tek bilete som de kan kjøpe.

Tilbake