Fredfullt i kyrkja


Fredfullt i kyrkja


Jazz-konsert i Husnes kyrkje med Tore Hegdahl (piano) og Ole Jacob Hystad (saxofon).

HUSNES KYRKJE søndag 2. november kl 19.00

«Balladar, saktejazz, og salmer». Dette kjenneteiknar duoprosjektet til dei to framifrå musikarane Tore Hegdahl (piano) og Ole Jacob Hystad (saxofon).Tore Hegdahl er organist og pianist og har sitt daglege virke som kantor i Årstad kirke i Bergen. 

Ole Jacob Hystad frå Stord er kjend her vest som ein svært god saxofonist med ei lang musikalsk karriere .

Saman leverer Hegdahl og Hystad nydeleg meditativ musikk i ei fin blanding mellom roleg melodiøs jazz, og musikk frå salmeboka.

Med desse to musikantane på scena kan du lene deg tilbake og berre nyte i ro og fred.

Arr.: Husnes og holmedal sokneråd i samarbeid med Husnes Jazzklubb

Tilbake