ER DU VÅR NYE SOKNEPREST?


ER DU VÅR NYE SOKNEPREST?


LEDIG STILLING: Sokneprest i Sunnhordland prosti med Husnes og Holmedal sokn som tenestestad.

Vil du ha ein avslappande morgon i badstova ved fjorden før du spaserer opp bakken for å halda gudsteneste? Etter gudstenesta kan du ta turen til ei av fleire naturperler der 71° Nord-gjengen har laga spektakulært TV. Vidare kan du oppleve Shakespeare eller kjente artistar i Noregs einaste Baroni. Kvelden kan avsluttast på kaien med ein lokalprodusert is i handa, medan du studerer internasjonale kjendisar som skal vitja kommunen sin eigen Michelin-restaurant som ligg og flyt i fjorden.

Kvinnherad, med sine 13.000 innbyggare, har ein landleg karakter. Likevel ligg kommunen sentralt mellom Bergen og Haugesund. Arbeidsplassane er mangfaldige, mellom anna innan industri, helse, reiseliv, kultur og landbruk. Det er og gode moglegheiter for å dagpendla til arbeid på Stord, der dei også har ein flyplass med daglege avgangar til Oslo.

Regionsenteret Husnes kan tilby ein heilt ny barneskule (opnar våren 26), ungdomskule og vidaregåande skule. Kvinnherad Arena er ein moderne og allsidig idretts- og kulturarena. Kulturskulen er eit signalbygg i Husnes sentrum som tilbyr eit breitt spekter av undervisning innan musikk, dans, teater og visuelle kunstfag. På Husnes finn ein og Husnes storsenter, helsetenester og andre offentlege tenester. Å bu i Kvinnherad gir deg høve til å leve tett på naturen, nyte eit rikt kulturliv og vere del av eit inkluderande samfunn – alt saman i ein kommune med gode tenester og rimelege butilhøve.

Kvinnherad kan tilby 12 kyrkjer med byggeår frå 1200 til 1978. Soknepresten har sete i Husnes og Holmedal sokn, som er det største av dei 8 sokna i kommunen. Det er til saman 4 prestestillingar som deler tenesteveker mellom seg.
Soknet har 3 kyrkjer, Husnes kyrkje, Holmedal kyrkje og Valen kyrkje. Til tross for at Valen kyrkje var med i finalen då Noregs styggaste kyrkje skulle kårast, er dette ei allsidig arbeidskyrkje med mykje aktivitet. Kyrkja er ein kjær møteplass som gir eit godt fellesskap for barn, unge og vaksne, og er fast øvingslokale for soknet sitt eige gospelkor.

Folkekyrkja står sterkt hjå oss, og det er særs stor oppslutnad om dåp og konfirmasjon. Nesten alle gravferder er i kyrkjeleg regi.

Kyrkjekontoret vart opna i 2016, og er eit moderne lokale med nydeleg utsikt over Høylandssundet. Her er sitt det kontorpersonale, diakonimedarbeidar, trusopplærarar og organistar i tillegg til prestane. Det er felles stabsmøte om lag ein gong kvar månad. Vi legg stor vekt på sosiale samlingar i staben i løpet av året og med ujamne mellomrom reiser vi på tur i lag.

I Sunnhordland prosti har vi eit kjekt og godt samarbeid på tvers av kommunegrenser. Vi har vi eit velfungerande prostiråd som arbeider for felles samlingar i prostiet så som prostisamling og nyårsmottaking. Desse samlingane er for alle tilsette og medlemene i sokneråda. Dette er med på å byggje kyrkje og gode fellesskap. I 2025 og 2026 har vi vedteke at vi ha ungdomsår og satse på ungdomsarbeid i kyrkjelydane og studentarbeid knytt til Høgskulen på Vestlandet sin campus på Stord med cirka 1000 studentar.

Prestane og dei andre faggruppene i kyrkja har jamnleg samlingar med teambuliding, andeleg fellesskap og reiser og på velferds- og studieturar i inn- og utland.

Vil du høyre meir om kor kjekt det er å vere prest i Sunnhordland, kontakt prost Arild Steinsland!

Nøkkelinformasjon

  • Søknadsfrist: 10.08.2025
  • Arbeidsgivar: Den norske kirke
  • Stad: Valen
  • Stillingstittel: Sokneprest i Sunnhordland prosti med Husnes og Holmedal sokn som tenestestad
  • Stillingar: 1
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4983618993

Arbeidsoppgåver

  • gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
  • vera medlem i Husnes og Holmedal sokneråd
  • konfirmantarbeid i samarbeid med prestekollegaer og fellesrådstilsette
  • kyrkjelydsbyggjande arbeid i samarbeid med sokneråd og frivillige
  • stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap. Heile prostiet er eit beredskapsområde

Kvalifikasjonar

  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
  • medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • evne til å byggje lag og samarbeide innad i stab og med frivillige
  • evne til å inspirere og engasjere seg i det kyrkjelydsbyggande arbeidet i lag med råd og tilsette
  • god formidlingsevne til alle aldersgrupper
  • søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP. Les meir om offentleg tjenestepensjon på www.klp.no
  • reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjerdsler
  • arbeidsrettleiing (ABV)
  • moglegheit for prestebustad i Rosendal eller hjelp til å skaffe anna bustad

Andre opplysningar

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.

Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Skriftspråket er nynorsk.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. 

Tilbake