No kan du melda deg på kyrkja sitt konfirmant-opplegg her på heimesida.
I desse dagar inviterer kyrkjelyden din deg som straks er ferdig med 8. klasse til å verta med oss i konfirmasjonstida 2026/2027.
Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.
Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og så velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.
Også dette året vil mykje av informasjonen nå i forkant føregå digitalt. Men for konfirmantane i Ølve og Hatlestrand sokn og Varaldsøy sokn vert det informasjonsmøte i Hatlestrand kyrkje tirsdag 9. juni kl. 18.00. Konfirmantane som høyrer til sokna Kvinnherad, Uskedal, Ænes og Åkra har informasjonsmøte i Kvinnherad kyrkje onsdag 10. juni kl. 18.00.
Invitasjonsbrosjyre vert i desse dagar sendt til alle som fyller 14 år i år og er døypte, og dermed medlem av den norske kyrkja.
Her kan du lesa dei ulike invitasjonsbrosjyrane:
* Fjelberg og Eid sokn
* Husnes og Holmedal sokn (inkl. Valen)
* Ølve og Hatlestrand sokn og Varaldsøy sokn
* Kvinnherad sokn, Uskedal sokn, Ænes sokn og Åkra sokn
NB!
- Dersom de har ynskje om ein bestemt dag, t.d. fordi de har ordna med selskapslokale, er det viktig at de grunngjev dette i kommentarfeltet for at me skal kunne ta omsyn til det!