Kyrkja i Kvinnherad ynskjer å tilby sorggrupper for enker, enkemenn og tap av livspartner.
Ei sorggruppe er ein møtestad der etterlatte kan treffe andre «i liknande situasjon»; Prata om det ein har opplevd og den ein har mista, utveksla erfaringar, råd og informasjon om korleis ein kan handtera situasjonen, og ventilera reaksjonar og problem saman med andre som forstår ein.
Sorggruppa kan verta ein «fristad» der vonde tankar vert anerkjent og får rom, og reaksjonar vert normalisert. Sorggruppa kan også gje livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogeleg å komma vidare i livet etter eit dødsfall.
Det vert oppstart
måndag 24. november i Valen kyrkje klokka 17.00 til 19.00.
Det vert 8 samlingar med relevante tema.
For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med
diakonimedarbeidar Ingunn Koløy tlf. 476 22 519
eller Aslaug Hellesøy tlf. 995 18 579
Begge har erfaring med tidlegare sorggruppe-arbeid.
eller ta kontakt på 90 53 19 10 (ikkje SMS)
eller send mail til post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no