Skaperverket sin dag på Hatlestrand


Skaperverket sin dag på Hatlestrand


Tur til Kårastølen på Ask

Etter ein kort spasertur frå sagbruket på Ask, kom vi opp til nydeleg utsikt på Kårastølen. Her hadde vertskapet fyrt opp bål og bålpanner. Vi grilla og koste oss ilag, omlag 20 barn og truleg like mange vaksne. Då alle var gode og mette, samla vi oss inni den veste luftige hytta der. Vi fekk høyra Pinse-forteljinga, om korleis Anden kom som eldtunger! Læresveinane begynte å snakka framande språk dei aldri hadde lært og folk frå mange land fekk høyra om Jesus. Den dagen vart 3000 menneske døypte. Sidan dette vert rekna som bursdagen for kyrkja høvde det seg med feiring. Hundretusenvis av såpebobler svevde utover frå Kårastølen til stor glede for både store og små. Etterpå var det natursti og premiar. Tusen takk til Solgunn og Terje Ask for at vi fekk besøka Kårastølen!

Tilbake