No kan du melda deg på kyrkja sitt konfirmant-opplegg her på heimesida.
I desse dagar inviterer kyrkjelyden din deg som straks er ferdig med 8. klasse til å verta med oss i konfirmasjonstida 2023/2024.
Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.
Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og så velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.
Også dette året vil det meste av informasjonen nå i forkant føregå digitalt. Men for konfirmantane frå Hatlestrand, Varaldsøy og Ølve vert det informasjonsmøte/innskriving i Hatlestrand kyrkje tirsdag 13. juni kl. 15.00. Konfirmantane som høyrer til sokna Kvinnherad, Ænes og Åkra har informasjonsmøte/innskriving i Kvinnherad kyrkje torsdag 15. juni kl. 19.00. Same dag og klokkeslett møter konfirmantane som høyrer til Uskedal sokn i Uskedal kyrkje.
Invitasjonsbrosjyre, med mykje nyttig informasjon, vart sendt ut no i mai til alle som fyller 14 år i år og er døypte, og dermed medlem av den norske kyrkja.
Her kan du lesa dei ulike invitasjonsbrosjyrane:
* Fjelberg og Eid sokn
* Husnes og Holmedal sokn (inkl. Valen)
* Uskedal sokn
* Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy sokn
* Kvinnherad sokn og Ænes sokn
>>>Påmeldingsskjema for heile Kvinnherad kommune finn du HER.
NB!
- Dersom de har ynskje om ein bestemt dag, er det viktig at de grunngjev dette i kommentarfeltet for at me skal kunne ta omsyn til det!