Bli med på tur med stor-familien


I snart 10 år har me invitert til Pizzakveldar for heile stor-familien i Valen kyrkje. Ufatteleg mange kjekke folk har vore innom samlingane i løpet av desse åra. På Pizzakveldane ser me at born, ungdom, voksne og eldre koser seg saman. Me opplever eit godt fellesskap!

 

I februar 2018 prøvde me oss på noko heilt nytt. Då inviterte me heile stor-familien med på tur til Brandøy, og ca 50 store og små hadde nokre kjekke dagar saman på leirplassen på Bjoa som indremisjonen eig og driv.

Lørdag 16. - søndag 17. november 2019
inviterer me nok ein gong til Familietur med Pizzakvelden.

Å reisa på tur saman er sosialt og kjekt, og me håpar at mange har lyst til å vera med på denne overnattingsturen. Då har både store og små ein mulighet til å knyta nye bekjentskap og prate og gjere kjekke ting saman.

Me vil ha ulike aktivitetar både ute og inne, samt samlingar med song, leik og andakt. Det vil og verta god tid til å berre slappe av og slå av ein prat over ein kaffikopp. Om kvelden vil me organisere eit barnevakt-opplegg i sovefløyen.

Set av datoane allereie no. Så håpar me at me kan bli ein god gjeng som samlast på Brandøy endå ein gong!

Mvh Pizzakveld-komiteen

PÅMELDING HER >>>
BROSJYRE laster du ned HER >>>

Tilbake