«Vil du spisa lunsj med meg i kyrkja?»


Nokre torsdagar i haust, kl.12-13, vil sokneprest Kjersti Brakestad Boge halde Kvinnherad kyrkje open for dei som ynskjer å stikke innom.

 

Ein kan spisa matpakka si, tenna eit lys, be og synga litt eller få litt omvisning i kyrkja. Det er også mogeleg å koma som ei gruppe, då er det greitt å melda i frå på førehand til soknepresten eller kyrkjekontoret, så det kan leggjast til rette for eit godt besøk. 

Datoane for open kyrkje er
5. september
19. september
3. oktober
17. oktober
7. november
28. november
12. desember.

Helsing Kjersti Brakestad Boge

Tilbake