Utfordringane etter visitasen

Utfordringane etter visitasen

Kva hender når biskopen er reist heim?

NB! Heile meldinga kan høyrast på www.kirken.no.

Kva sit me att med etter den veka i september? Me sit mellom anna att med biskopen si offisielle tilbakemelding. Visitasprotokollen kom til oss nokre veker etterpå og der oppsumerar biskopen og hans folk visitasen og gjev oss tydelege utfordringar.

Og det er nettopp meininga med ein visitas. At nokon med erfaring og innsikt skal sjå på det kyrkjelege livet hos oss, samtale med oss, og så gi råd og utfordring.

I si tilbakemelding har biskopen mange lovord om det som hender i kyrkja i Kvinnherad. Han ser at me er inne i ei viktig tid når det gjeld organiseringa av kyrkja i kommunen; det som før var tre ulike prestegjeld med lite kontakt er no «Kyrkja i Kvinnherad». Den positive utfordringa i dette er: Korleis nå lenger saman enn kvar for seg? Korleis nytta dei samla kreftene betre utan å svekka det lokale engasjementet?

Biskopen har og lagt merke til det omfattande arbeidet som vert lagt ned i trusopplæringa. Han ser utfordringane som ligg i å tilpassa planane på dette området, dei store avstandane og dei lokale ynskja.

Han rosar og det gode barnearbeidet som skjer på mange av bedehusa, og han vonar samarbeidet kan halde fram «sjølv om det nett no er spenningar». Meldinga frå biskopen nemner og dei gode samtalane han og fylgjet hans har hatt med kommuneleiinga. Og han har lagt merke til eit rikt musikk- og kulturarbeid i regi av kyrkja.

Biskopen har sjølvsagt og merka seg at gudstenestedeltakinga er svært varierande, og diverre  er det ein negativ trend. Det er då også det første han nemner i si oppsummerande utfordring – den tek me med her slik biskopen sjølv skriv: Gå til gudsteneste regelmessig - for å gje Gud ære og fordi trua treng det. Gå også i andre kyrkjer enn di eiga.

Vidare nemner han at  me må sjå på gudstenestetalet i Valen kyrkje, ei kyrkje som er mykje nytta til mange aktivitetar. Det kunne vera fint om der var fleire gudstenester. Det er ei sak soknerådet alt har engasjert seg i, og me vil prøve med nokre kveldsgudstenester der til våren. Lag felles planar for diakoni, kultur, musikk, og temakveldar. 

Her må me prøva å samla kreftene, fordele gode tiltak utover, både i kalenderen og geografien. Når det gjeld tiltak for ungdom nemnde han særleg Nattcafeen ved Husnes bedehus. Nattcafeen for ungdom på Husnes er flott, prøv å få til eit liknande tilbod i Rosendal. Sjå om de kan få i stand eit tilbod om leiartrening til fjorårskonfirmantane.

Den siste, og kan hende den største utfordringa, handla om diakoni og økonomi: Få i gang ei målretta fast gjevarteneste for diakoni med tanke på ein diakonstilling. Og forkynn fram gjevargleda. 

Heilt til slutt i tilbakemeldinga skriv han:
Med desse utfordringane takkar eg for meg og reiser frå denne vakre kommunen med mange flotte inntrykk frå desse dagane. Eg ynskjer Guds velsigning over folket og kyrkja i Kvinnherad. 
 
Bjørgvin bispestol, 
30. september 2018 
 
Halvor Nordhaug


 

Del denne artikkel på e-post