Avskjedskonsert for Lina Håland

Avskjedskonsert for Lina Håland

Gospelkoret Abraham vil lørdag 17. november halda ein forrykande konsert kl. 19.30 i ærverdige Kvinnherad kyrkje.

Gospelkoret Abraham drog til Kvinnherad i 2014 for å vera med på Lina Håland sin ordinasjon og då vi skulle dra ned igjen til Sandnes måtte vi la Lina vera igjen for å gjera jobben sin i Uskedalen. Nå ventar nye utfordringar for Lina i Sandnes kyrkje, så difor kjem vi tilbake for å halda ein avskjedskonsert og til slutt få ho heim igjen. Koret skal også synge på kjøpesenteret på Husnes kl. 13.00 på lørdag i tillegg til å vera med på å sette eit gospelpreg på avskjedsgudstenesta som skal vera i Uskedal kyrkje om søndagen.

Gospelkoret Abraham er ein gjeng på ca 30 dyktige sangarar frå Sandnes, Stavanger og Jæren. Låtane som vert framført er arrangert av koret sin dyktige musikalske leiar Bjarte Lending. Denne konserten er ein av korets store happeningar i løpet av året. Vi drar på ein sosial og musikalsk tur som vi gleder oss masse til. Håpar vi ser deg der!

BILLETTAR:
Billettar til konserten kan kjøpast på Spar Valen, Spar Uskedalen og Fredheim blomster - dei tek Vipps (139194). Elles er det og mogleg å kjøpe i døra eller på Ticketmaster.


 

Del denne artikkel på e-post