Konsert med Sveinung Hølmebakk

Konsert med Sveinung Hølmebakk

Laurdag 3. november får vi storfint besøk i Valen kyrkje.


Den eine av tre medlemer i " Nordic tenors", Sveinung Hølmebakk, vil då gle oss med konsert.

Han er kjent for sin lune humor og ei både stor og varm stemme. Dette gjer at han lett når inn hos eit bredt publikum, og ikkje få har felt tårer både av latter og "rørelse"! Vi kan seie det enkelt: Han skaper lett begeistring hos publikum!

Sveinung Hølmebakk bur i Kristiansand, men er fødd på Karmøy i 1977. Cv'en hans kan vise til mastergrad i utøvande song frå Griegakademiet i Bergen, og eksamen i musikkvitenskap frå NTNU i Trondheim og Universitetet i Oslo. Dei som fylgjer med på TV, kan ha sett han på m.a Sommeråpent og Førkveld. Musikalsk toastmaster i HM Kong Harald sin 70-årsdag, toppar vel det heile!

Vel møtt til konsert, der han m.a vil synge songar frå sin 9. og nyaste cd frå 2018, "Eit anna lys". Eit reportoar som spenner frå opera og gospel til viser, vil garantert treffe blink hos mange, og hos ulike aldersgrupper.

Set av ei tidleg kveldsstund denne laurdagen i Valenkyrkja!

For Husnes og Holmedal sokneråd arr.
Marit Lindekleiv "


 

Del denne artikkel på e-post