Jørn øyrehagen Sunde om nestkjærleik

Jørn øyrehagen Sunde om nestkjærleik

Søndag 11. november kl 19.30 kjem Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie, til Kvinnherad kyrkje.

Det vert både høve til å høyre, lære og stille spørsmål, samt ete enkel kveldsmat. Kvinnherad sokneråd er svært glade for den spennande tematikken Sunde tek med!

Tanken om nestekjærleik er det viktigaste kristendomen har gjeve det norske samfunnet. Den har vore viktig som verdifundament ved kvar større overgang som det norske samfunnet har vore gjennom dei siste 1000 åra. Tanken om nestekjærleik var eit fundament for overgangen frå eit vikingsamfunn til eit statssamfunn i mellomalderen, og den var sentral for opplysning og overgangen til eit demokrati frå 1700-talet av. Kva så med vår eiga samtid?

Dei store overgangane det norske samfunnet har vore gjennom, har vorte utløyst av ny kommunikasjonsteknologi. I mellomalderen gjorde skrivekunsten det mogeleg å kommunisera meir presist og effektivt, og på 1700-talet gjorde trykkekunsten det same. I vår eiga samtid er det digital kommunikasjon som er årsak til store samfunnsendringar som alt er i gang. Det er difor det er viktig å stilla spørsmålet om kva rolle ein ønskjer nestekjærleik skal spela i det samfunnet som no vert forma.

Kvinnherad sokneråd

 


 

Del denne artikkel på e-post