Ei innhaldsrik veke saman med biskopen

Ei innhaldsrik veke saman med biskopen

Biskopen kom, såg, lytta, snakka, drøfta og gav råd.

Det vart ei innhaldsrik veke der me trur biskopen fekk eit innblikk i situasjonen for kyrkja i Kvinnherad. Han såg utfordringane med mange kyrkjer og mange sokn. Han møtte representantar for leiinga i kommunen og høyrde om godt samarbeid og gode relasjonar i lokalsamfunnet.

Visitasforedraget som avslutta visitasen var ei oppsummering og ein start på prosessar vidare. Der gav han nokre råd og nokre tydelege utfordringar som me skal ta tak i. Det handlar om justeringar med omsyn til sokneinndeling og gudstenestefordeling. Og det kom ei tydeleg utfordring når det gjeld diakoni.

På bilete ser me biskopen i samtale med elevar ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Sjå bilete og les litt om dei ulike dagane på Facebook-sida vår.

Både preika på gudstenesta 30. september og visitasforedraget til biskopen finn du HER.


 

Del denne artikkel på e-post