BIBELREISEN i Uskedal kyrkje

BIBELREISEN i Uskedal kyrkje

Torsdag 4. oktober kl. 19.00 kjem soknepresten i Etne, Per Hjemdal, til Uskedalen for å ha Bibelreisen.

Bibelreisen er eit møte med mange velkjende bibelhistorier, men også med nokre av dei mindre lesne. Vi tar eit grundig sveip over den store historia i Bibelen, men får samtidig høve til nokre djupdykk som avslører skjulte skattar i Guds ord.

Gjennom Bibelreisen får ein vite meir om Bibelen og skaffe seg god oversikt over dei lange linjene i grunnforteljinga i vår tru og kultur. Bibelreisen gjer bruk av hugseord og rørsler, og er ein inspirerande måte å lære på med noko for både kropp og sjel!

Bibelreisen er utarbeidd av Den norske Bibelselskap, og Per Hjemdal er sertifisert kurshaldar. Det er dermed vel fundert på ei tradisjonell bibelforståing slik vi kjenner den frå Den norske kyrkja. Målet for kurset er ei djupare forståing for at Bibelen er Guds ord, og stadig like aktuelt for menneske i dag.

Som kurshaldar gjev Per garanti om at alle vil lære noko ein ikkje visste frå før! For dei aller fleste er opplevinga også at ein får djupare forståing av hendingar ein elles er fortruleg med.


Bibelreisen passar godt både for dei som har lest i Bibelen gjennom år, og for dei som reknar seg som meir ukjende med heile bibelhistoria. Og anten ein ser på kjennskap til Bibelen mest som nyttig for si eige tru, eller meir som nyttig for generell allmenndanning, er alle like velkommen!


Med venleg helsing
Per Hjemdal
Sokneprest, Etne


 

Del denne artikkel på e-post