Biskopen kjem

Biskopen kjem

VISITAS heiter det visst. Siste veka i september vert ei viktig veke for kyrkjelydane i kommunen vår. Då kjem biskop Halvor Nordhaug og besøkjer, eller «visiterer», kyrkja i Kvinnherad. Visitasen er frå måndag 24. til torsdag 27. september + søndag 30. september med visitasgudsteneste, visitasføredrag og kyrkjekaffi.

Sist det var visitasar i Kvinnherad var: I Husnes og Holmedal 1999, Fjelberg og Eid 2006, og i Kvinnherad 2007. Denne gongen er det altså visitas til heile Fellesrådsområdet/kommunen. Det tyder sjølvsagt at det vert mindre tid til og mindre detaljar frå kvart av sokna, men me vonar det og kan styrkja oss som KYRKJA I KVINNHERAD.

Ein visitas skal fokusere på det åndelege livet i kyrkjelydane, men biskopen skal og ha tid til kontakt med kommune, lokalsamfunn osv. Slik heiter det i visitasreglementet for Bjørgvin: «Formålet med visitasreglementet er gjennom bispevisitasane å legga forholda til rette for aktivt engasjement og stadig fornying i den evangelisk-lutherske folkekyrkja i Bjørgvin. Formålet med bispevisitasen er å støtta, inspirera og rettleia kyrkjelydar og tilsette, og gjera kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet.»

Biskopen skal ved visitasen legge vekt på forkynninga av Guds ord i soknet. Ved dette skal biskopen gje støtte til kyrkjelydane si verksemd og styrke fellesskapet i kyrkjelydane.

På førehand skal det utarbeidast ei visitasmelding frå kyrkja i Kvinnherad. Den er viktig fordi me der vil reisa viktige spørsmål og utfordringar me ynskjer biskopen si rettleiing og råd om. Samstundes som det hjelper oss til å tenkja gjennom kva me sjølve ynskjer og kan.

Frå programmet kan me nemna:
Mandag 24. september kjem biskopen via Ølve og Hatlestrand og er innom ei av kyrkjene der. Deretter besøkjer han Rosendalstunet.

Biskopen vil gjerne innom Halsnøy Kloster, og det reknar me med å få til tysdag føremiddag. Han vert og med på eit arrangement på DILL. Vidare vert det song- og musikkveld i Husnes kyrkje.

Onsdagen er det kontakt med skular. Først gudsteneste for Undarheim skule og deretter spørjetime på vidaregåande. Kvelden er tenkt til ein temakveld i Uskedalen der me utfordrar Biskopen til å seie noko om «Kor kristent skal Noreg vera?» eller «Korleis tek me vare på den kristne arven?»

Torsdag føremiddag er sett av til kontakt med kommunen, og vidare eit viktig samrådingsmøte med alle som sit i sokneråd og dei tilsette i kyrkjelydane.

Så reiser biskopen med fylgje, og kjem attende til gudstenesta i Kvinnherad kyrkje på søndagen. Der vonar me på godt frammøte frå heile kommunen. Det er og staden der biskopen gjev oss si tilbakemelding i eit visitasføredrag som han held like etter guds-tenesta. Det vert og kyrkjekaffi og ei markering av at Kjetil Kringlebotten sluttar som sokneprest i Kvinnherad no i haust.


 

Del denne artikkel på e-post