Friluftsgudsteneste og ny informasjonstavle

Friluftsgudsteneste og ny informasjonstavle

Søndag 17. juni var det friluftsgudsteneste/gamaldags kyrkjesundag på den gamle kyrkjestaden i Holmedal på Utåker.

Reidar Ådnanes var for høvet kledd i gamal prestedrakt, og ein del av dei frammøtte hadde kledd seg i gamle klede. Etter gudstenesta og matøkt med medbrakt niste, var det avduking av ei heilt ny informasjonstavle som er sett opp like ved den gamle kyrkjestaden. Bygdalaget, saman med Trygve Hansen, har jobba med informasjonstavla det siste året, og Elisabeth Nesøy fortalde litt historie, og om arbeidet og innhaldet av tavla m.m. Det var og høve til å studere ein modell Nesøy har laga av den første stavkyrkja som stod på den gamle kyrkjestaden. Modellen er ei gåve til Utåker Bygdalag.


 

Del denne artikkel på e-post