Internasjonal gudsteneste med dåp, gospel og Indiabesøk

Internasjonal gudsteneste med dåp, gospel og Indiabesøk

Ei internasjonal gudsteneste, der teksten for dagen vart lesen på engelsk av Effi David frå India, ja, det var noko av det kyrkjelyden fekk oppleva i Uskedal kyrkja sundag 17. juni.

Dåpsbarnet fekk namnet Tilje og Jeanne Børretzen (USA) og Lina Håland song gospel, «Go tell on the Mountain». Offeret gjekk sjølvsagt til Umred, den nye barneheimen i India med plass til 100 born når alt er oppe og går.

Ekteparet Mary og Effi David fortalde om arbeidet for fattige born i Umred. Det heile starta i 2007 med leige av lokale der borna kunne bu medan dei gjekk på offentleg skule. Seinare vart det eige bygg med namnet Umred Children Home 50 km sør for Nagpur. Her er det plass til 100 born som kan bu på senteret i den tida ein får skulegang frå 1. til 10 klasse. I dag er det Margun Håland, mor til soknepresten, som er ansvarleg for arbeidet frå Noreg. Mannen hennar, Sigmund Håland, er forretningsførar.

Teksten frå Matteus kap 16, vers 24 har overskrifta «Fylg Jesus». Bodskapen i helsinga frå Mary og Effi David var å hjelpa foreldrelause born, gje dei mat, klede, utdanning og ei framtid og på den måten leva opp til det Jesus sa til læresveinane om å fylgja han og løna kvar og ein ut frå det ein har gjort for dei som verkeleg treng det.

Gudstenesta denne sundagen var for alle. Borna vart engasjert med teiknesaker framme på golvet ved globen. Det var nattverd og salmetekstane var både på norsk og engelsk. Marit Lindekleiv er som alltid god på orgelet med ledig og lett tonefylgje.

Etter gudstenesta kunne dei som ville, vera med på kyrkjemiddag i Helgheim, der det vart servert indisk mat.

Tekst og foto: Kristian Bringedal
www.uskedalen.no


 

Del denne artikkel på e-post