Fellesgudsteneste på Varaldsøy

Fellesgudsteneste på Varaldsøy

Søndag 27. mai var det fellesgudsteneste for heile kommmunen i Varaldsøy kyrkje. 60 personar frå bygdene våre møtte i det fantastiske været. Sokneprest Kjetil Kringlebotten var prest og koret til organist Reidar deltok med song.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, før me kjørte på støvete grusveg til svovelkisgruvene ved Volaheiane, Øyarhavn. Trygve Gjuvsland tok oss med på omvisning i gruveområdet og fortalde både om drifta og gruveingeniør Alexander Barratt. 

Engelske Barratt var metodist og vann stor respekt lokalt for måten han leia drifta på. Sonen, Thomas B.Barratt, var den som i 1907 stifta pinserørsla i Norge og var leiar for denne resten av livet. Han har skrive fleire kristne sangar/salmar og m.a. omsett to av salmane i salmeboka vår til norsk; “Løftene kan ikke svikte” (nr 321) og “Da Jesus satte sjelen fri” (nr 378).

I 1927 stifta dottera Mary Louise og Henrik A Due det kjende Barratt Due Musikkinstitutt.
 


 

Del denne artikkel på e-post