Fjelbergstemne 2. pinsedag

Fjelbergstemne 2. pinsedag

Fjelberg og Eid sokn, i samarbeid med Misjonsalliansen, inviterte og i år til  Fjelbergstemne 2. pinsedag. Det var gudsteneste i Fjelberg kyrkje på føremiddagen. Så sal av middag og kaffi i prestegarden før ettermiddagsmøte i kyrkja.

Nydeleg ver

Veret var sjeldant fint denne dagen. Folk kom frå fleire stadar i Sunnhordland, det gjekk skyssbåt frå Leirvik og nokre kom i eigne båtar.

Lang tradisjon

I 40 år har det vore misjonssstemne på Fjelberg. Misjonsalliansen sin fyrste utsending – Ludvig Eriksen, budde i prestegarden på Fjelberg nokre månadar på 1880 – talet. Opphaldet her vart svært viktig for Eriksen. Han fekk nye krefter her og hjelp til å finna livsvegen vidare.

John Olav Larssen, tidlegare landssekretær i Misjonsalliansen, var mellom dei som ivra for misjonstemne på Fjelberg, denne staden som vart så viktig på vegen til starten av denne spesielle misjonsorganisasjonen.

I mange år har Hans Olav Tungesvik vore ein viktig nøkkelperson ved Fjeldbergstemnet. Han leia stemnet i fjor, men døydde etter ei ulukke kort tid etter stemnet. Tungesvik vart minna på årets stemne.

 

Talar

Andreas Andersen, generalsekretær i Misjonsalliansen, var talar på stemnet både på gudstenesta og ettermiddagsmøtet. Det var Andersen sin fyrste tur til Fjelberg, han sette stor pris på å vera med og hadde mykje å gje både i forkynninga og gjennom informasjonar om Misjonsalliansen sitt arbeid rundt om i verda.

 

Andre ressursar

Kyrkjekoret Norsang under leiing av kantor Eva Megyesi, song både på gudstenesta og ettermiddagsmøtet. Gudstenesta vart leia av sokneprest Jan Ove Totland og ettermiddagsmøtet vart leia av prost Svein Arne Theodorsen. På begge samlingane var det høve til å gje misjonsoffer til Misjonsalliansen.

 

Nytt stemne neste år!

Ein ser for seg eit nytt Fjelbergstemne 2. pinsedag i 2019. Bli gjerne med til denne fine og historiske staden.


 

Del denne artikkel på e-post