Fjellgudsteneste på Vardhaugselet

Fjellgudsteneste på Vardhaugselet

Laurdag 19. mai kunne sokneprest Reidar Ådnanes ynskja velkommen til gudsteneste oppe ved det vakre selet som nokre eldsjeler tok til å restaurera våren 2002. I underkant av 50 fjellvandrarar hadde lagt turen om gudstenesta denne flotte mai-dagen.

Kyrkjetenar Cort Holtermann ringde med klokka og sytte for at dei frammøtte fekk salmeark. Kari og Finn Åge Teigen hadde steikt lappar og ordna med at kyrkjekaffien var klar like etter gudstenesta.

Soknepresten spurde m.a. dei frammøtte om kvar me er nærast Gud; Me er vel nærare Gud når me er oppe på fjellet enn når me er nede ved sjøen? I så måte skulle me vel vera nærare Gud oppe ved Vardhaugselet enn t.d. nede i Husnes kyrkje? Soknepresten peika vidare på at me lever i ein slags dobbelhet; Gud er alle stader, seier bibelen. Me er ikkje nærare han på det høgaste fjellet. Me er heller ikkje nærare han i ei kyrkje eller på eit bedehus. Det er likevel godt å ha nokre særlege stader der me ynskjer å samlast om ord og sakrament. Men om me samlast i Guds hus eller i Guds frie natur, så er det viktigaste det som teksten for dagen seier noko om: at Jesus kom og forkynte «fred for dei som var nær og for dei som er langt borte», altså like «tilgjengeleg» overalt. Det er pinsehelga sin glade og underfulle bodskap!

Det har i mange år vore ein flott tradisjon å samlast til fjellgudsteneste oppe ved Vardhaugselet 2. pinsedag. Ettersom det tradisjonelle Fjelberg-stemnet også går av stabelen den dagen, ynskjer ein no å gjera ei endring. Gudstenesta ved Vardhaugselet vert heretter fyrste laurdag etter 17. mai.


 

Del denne artikkel på e-post