Friluftsgudsteneste og avduking av informasjonstavle

Friluftsgudsteneste og avduking av informasjonstavle

I fleire år har bygdalaget og soknerådet saman arrangert «Gamaldags kyrkjesundag» på den gamle kyrkjestaden i Holmedal på Utåker i Kvinnherad. Også i år inviterer ein til gudsteneste ute på den idylliske plassen, med stor historisk verdi.

Sjølv om ramma rundt gudstenesta ikkje vert slik som dei siste åra, håpar vi at flest mogeleg kler seg i gamle klede, eller gamalmodig klesdrakt, denne dagen, og på den måten er med på å lage ei fin ramme rundt gudstenesta. Alle er sjølvsagt likevel velkomne ”som dei er”.

Holmedal gamle kyrkjegard ligg vakkert til i Kyrkjedalen i Holmedal på Utåker med panoramautsikt over Skåneviksfjorden. I Hordaland reknar vi med at det vart bygd ca. 60 stavkyrkjer fram mot 1300-talet. Fyrste stavkyrkja vi kjenner i Holmedal er nemnd i ei jordbok på 1300-talet. Denne kyrkja vart ståande i fleire hundre år, til 1814 då ei enkel langkyrkje av lafta tømmer, utan tårn, vart bygd. Nyttårsdag i 1882 møtte folk til den siste gudstenesta i denne kyrkja. Det som kunne brukast av materialar frå kyrkja i Holmedal vart no flytta og brukt til oppføring av noverande Holmedal kyrkje. Denne kyrkja vart vigsla den 22. november 1882.

Etter gudstenesta og matøkt med medbrakt niste, vert det avduking av ei heilt ny informasjonstavle som skal stå like ved den gamle kyrkjestaden. Bygdalaget, saman med Trygve Hansen, har jobba med informasjonstavla det siste året, og Elisabeth Nesøy vil fortelja litt historie, og om arbeidet og innhaldet av tavla m.m. Det vert og høve til å studere ein modell Nesøy har laga av den første stavkyrkja som stod på den gamle kyrkjestaden. Modellen er ei gåve til Utåker Bygdalag.

Vel møtt til friluftsgudsteneste på historisk grunn og ein enkel seremoni med avduking av informasjonstavla. Dersom det skulle verta svært dårleg vær, vert gudstenesta flytta til kyrkja.


 

Del denne artikkel på e-post