India-besøk til Uskedalen

India-besøk til Uskedalen

15. til 17. juni kjem ekteparet Effi og Mary frå India på besøk til Uskedal kyrkje. Dei driv ein barneheim som Uskedal kyrkje ønskjer å samla inn pengar til.

INDIA: Dette bildet er frå då Lina Håland var med på opningsfesten for barneheimen Umred Children Home i India i 2016. No kjem ekteparet som driv barneheimen på besøk til Lina og Uskedal kyrkje. Målet er å samla inn meir pengar til barneheimen. (Foto: Privat).

Som Kvinnheringen har skrive tidlegare, har prest Lina Håland engasjert seg for barneheimen Umred Children Home i India saman med foreldra sine. Foreldra til Lina overtok ei pengeinnsamling for å kunna byggja opp barneheimen, og i 2016 opna den. Lina har sjølv besøkt barneheimen fleire gonger, og både Julebygda kapell (i Lina si heimbygd) og Uskedal kyrkje har barneheimen som misjonsprosjekt.

15. til 17. juni kjem Effi og Mary, som driv barneheimen, på besøk til Uskedal kyrkje. Per i dag bur det 25 barn ved barneheimen, men det er plass til rundt 50 barn. For å kunna ha så mange trengst fleire tilsette. Barneheimen har også starta ein barnehage for 10 barn, og planen er å gi arbeidstrening til ungdommar og unge vaksne.

Målet med indarane sitt besøk i Kvinnherad er å samla inn pengar til ein minibuss til barneheimen, og 17. juni blir det gudsteneste i Uskedal kyrkje der Effi og Mary skal delta. Etterpå blir det middag med indisk mat i Helgheim, som kostar 200 kroner per person og 500 kroner for familiar. Under middagen kjem ekteparet til å fortelja om drifta av barneheimen. Dei som ønskjer å delta og støtta prosjektet kan melda seg på til Lina Håland.


 

Del denne artikkel på e-post