Kystpilegrimsleia opnar – ver med på den historiske fest-ferda!

Kystpilegrimsleia opnar – ver med på den historiske fest-ferda!

Halsnøy Kloster, onsdag 6. juni kl. 17.30.

I juni månad skal mellomalderen si seglingslei langs kysten, Kystpilegrimsleia, opnast. Tradisjonsbåten R/S Risør II seglar frå Eigersund i sør til Nidaros i nord. Undervegs blir det markeringar fleire stader.

Riksantikvaren, fylkeskommunar og fire bispedøme har stått saman i arbeidet med leia, som no er godkjend som nasjonal pilegrimsveg og del av dei europeiske kulturvegane.  Alle interesserte, kystfolk, kyrkjefolk og alt godtfolk er inviterte til å delta på den store festen langs den vakre Vestlandskysten. Du finn heile seglingsruta på våre nettsider http://kyrkja.no/bjorgvin

Det blir eigne markeringar fleire stader, m.a. her:

Stavanger 2. juni
Moster tirsdag, 5. juni kl. 10.00
Halsnøy Kloster, onsdag 6. juni kl. 17.30
Bergen, laurdag 9. juni kl. 11.00
Kinn/Kinnaspelet, laurdag 16. juni kl. 16.30
Smøla 23. juni
Nidaros 24. juni
Selja kloster, sundag 8. juli kl. 11.30


Kontaktperson: Kulturrådgjevar i Bjørgvin bispedøme,
Ragna Sofie Grung Moe – rm548@kyrkja.no, tel 95277371



 

Del denne artikkel på e-post