Bjørgvin bispedøme 950 år

Bjørgvin bispedøme 950 år

Sundag 8. juli feirar Bjørgvin bispedøme 950 år med ei festgudsteneste på Selja kloster. H.M. Dronning Sonja vil vera til stades.

Festgudstenesta, «Seljumannamessa», tek til kl. 11.30 og blir leia av biskop Halvor Nordhaug som også vil preika. Andre medverkande er blant andre biskop i Nidaros Herborg Finnset, biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja og songarar frå Bergen domkor saman med eit prosjektkor frå heile bispedømet.

Frå Selja til Bjørgvin

Omlag 1068 e. Kr. oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja i Selje kommune. Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Noreg at Selja blei eit tidleg kraftsentrum i norsk kyrkjehistorie.

Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar. Kyrkja i Bjørgvin samlar også i vår tid menneske i alle bygder og byar i glede og sorg, i helg og kvardag for å møta kvarandre og æra Den treeinige Gud.

Kongeleg besøk

I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900 års-jubileet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil H. M Dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950 års-jubiléet.

Fyrste båt frå Selje til øya Selja startar kl. 09.30. Siste båt går kl. 10.30 frå Selje sentrum. Ver tidleg ute.
For meir informasjon om båtavgang, overnatting, kulturarrangement og billettar, sjå 
http://kyrkja.no/bjorgvin


 

Del denne artikkel på e-post