Friluftsgudsteneste Øvre Fatland i Åkra

Friluftsgudsteneste Øvre Fatland i Åkra

Åkra sokneråd og Matre IL lagar til friluftsgudsteneste på Øvre Fatland.

Gudstenesta vert søndag 3. juni kl. 12.00.. Det er bilveg heilt fram, og dei som treng skyss kan melda dette til Lars Emil Berge (99 15 07 37). I samband med gudstenesta, der Kjetil Kringlebotten preiker, er det to fellesturar på veg til Øvre Fatland.

Den eine startar frå Hillesdalskleiva (Gamlevegen) kl. 10.00. Turleiar her er Bjørn Rune Bergane. Ein del stigning, men ein grei tur.

Den andre turen går frå Løkjene kl. 11.00. Guidar er Kristin og Kåre Skromme, som også vil fortelja litt frå området. Dette er ein lett tur.

Etter gudstenesta er det kaffi og noko å bita i. Det er altså «Postvegen» som samlar kyrkjefolket denne sundagen, og alle er hjarteleg velkomne.


 

Del denne artikkel på e-post