Vårkveld i Kvinnherad kyrkje

Vårkveld i Kvinnherad kyrkje

Ynskjer du å vere med på Kvinnherad kyrkje si Vårmønstring? 

 

Kvinnherad kyrkje ynskjer velkommen til Vårkveld i kyrkja torsdag 19. april. Her kjem fleire store og små krefter i Kvinnherad til å dele song og musikk. Soknerådet ynskjer gå ope ut med invitasjon til å ta del med innslag denne kvelden. Er der nokon som har drøymt om å høyre sin eigen klang i veggane frå 1300-talet? Eller dele noko frå hjarta? 

Vårkveld i kyrkja inneheld  små og store musikkstykker, lesing og allsong. Det er vakkert å samlast i kyrkja, også om våren, for å takke for skaperverket og prise Skaparen Gud, som vi trur på. Soknerådet er takksame for gåve/kollekt til prosjekt Nytt Orgel,  og det vil vere høve til å gje ei gåve til dette  arbeidet ved utgangen/Vipps. Ellers er kvelden aldeles gratis! 

Vi ber om at alle forslag kjem inn innan 10. april. Kvelden skal vere barne-og familievenleg, og vere ferdig til leggetid, så dersom svært mange  forslag kjem inn vert tal på innslag vurdert. 

Helsing Kvinnherad Sokneråd

Vårkveld i Kvinnherad Kyrkje

Vil du synge, spele, danse eller opptre med noko heilt anna?
19. april kl. 18.00
Påmelding innan 10. april
til solfridhs@gmail.com/95152329 
arr: Kvinnherad sokneråd


Del denne artikkel på e-post