SIKVAL-jubileum

SIKVAL-jubileum

SIKVAL = Saman I Kyrkja VALen fyller 15 år i år.

SIKVAL er samlingar tilrettelagt for utviklingshemma, men opne for alle. Nærare 90 personar hadde møtt fram i Valen kyrkje til gudstenesta der 15-års-jubileumet skulle feirast.

Synnøve var kyrkjevert og ynskte velkommen i døra, Signe Reidun leia oss i samlingsbøna, Ståle var tekstlesar og AMIGOS spela og song fleire songar for oss. Amigos er Kulturskulen sitt tilbud til personar med utviklingshemming, og det har blitt ein flott tradisjon at dei deltek på denne årlege gudstenesta der SIKVAL og er med og deltek.

Jan Ove Totland leia gudstenesta og like etter samlinga i kyrkjerommet kunne han invitera alle dei frammøtte inn i kyrkjestova der ein kunne få både kaffi, kjeks og jubileums-kake.


AMIGOS: Tove Anita Olsen, Signe Reidun Lie, Ståle Mehl, Lena Johannessen, Leif Inge Heimvik, Martin Teigen og Eirik Nordal. Lærarar: Karin Bøe og Kjell Skarsfjord.


Del denne artikkel på e-post