Ja, vi elskar dette vatnet

Ja, vi elskar dette vatnet

Konfirmantane i Kvinnherad kommune med innsamling til Kirkens Nødhjelp.

Veka før palmesøndag er tida for innsamlinga til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon. I løpet av denne veka vil konfirmantane i dei ulike sokna i Kvinnherad kommune gå rundt med bøsser og samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon. Innsamlingsdagane for dei fleste sokna er tirsdag 20. og onsdag 21. mars. (NB! I Ænes sokn vert innsamlinga 18. og 19. mars.)

Kirkens Nødhjelp driv både langsiktige prosjekt for ei betre framtid, og akutt naudhjelp for å berge liv og hjelpe folk som vert råka av katastrofer. I år er temaet for Fasteaksjonen REINT VATN.  Reint vatn kan redde liv, og ureint vatn kan ta liv. Alle land i verda, også Noreg, har sagt at alle skal ha tilgang til reint vatn innan 2030. Fasteaksjonen finn stad i byar og bygder over heile landet. Pengane gjer at mange tusen menneske får tilgang til reint drikkevatn, og på den måten reddar menneskeliv.

Konfirmantane kjem på ettermiddagen/i kveldinga med plomberte bøsser som er tydeleg merka med Kirkens Nødhjelp og har ID-merke med namnet sitt på og nummer som samsvarar med nummeret på bøssa. Slik kan gjevarar sjå at dei har fullmakt til å samle inn til Kirkens Nødhjelp. Det har diverre hendt at nokon ukjende innsamlarar har gått rundt og samla inn pengar tidlegare på same dagen som konfirmantane gjekk. Så vær obs! på at bøssene er tydeleg merka med Kirkens Nødhjelp.

Har du ikkje kontantar, kan du sende SMS eller VIPPSE til 2426.

Ta godt imot bøsseberarane frå Kirkens Nødhjelp!

Helsing konfirmantlærarane i Kvinnherad kommune.


Del denne artikkel på e-post