Gravplassarbeidar/kyrkjetenar

Gravplassarbeidar/kyrkjetenar

Kvinnherad Kyrkjelege Fellesråd har ledig 100 % fast stilling som gravplassarbeidar/kyrkjetenar frå 01.06.2018.

Omtale av stillinga
Stillinga er knytt til vedlikehald og drift av gravplassar og kyrkjer innan Kvinnherad kommune. I samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar må ein pårekne noko helgearbeid. Vi ynskjer ein allsidig og fleksibel person som kan bidra til å løysa eit stort spekter av oppgåver ute og inne. Stillinga vil ha stort fokus på stell av grøntareal og den tilsette vert ein del av eit team på til saman 3-4 årsverk.                              

Hovudoppgåver
- Gje god service overfor brukarane av gravplassen og kyrkja.
- Drifte grøntareal og bygningar (også noko reinhald).
- Praktisk tilrettelegging og oppfølging ved kyrkjelege handlingar.
- Medverke til at lov, forskrift og kyrkjegardsvedtekter blir følgde.
- Delta aktivt i utvikling av fagområdet.

Ynskjelege kvalifikasjonar
- Erfaring med grøntanlegg.
- Erfaring med maskinar.
- Erfaring med vaktmeisteroppgåver.
- Relevant fagbrev.
- Samarbeidsvillig, fleksibel og løysingsorientert.
- Det er ein føresetnad med sertifikat for bil (B).
- Det er og ynskjeleg om ein har sertifikat for bil med tilhengar (BE eller B96).

Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
- Løn og pensjonsordningar etter gjeldande avtalar.

Den tilsette må vera medlem av Den norske kyrkja og har kyrkjeverja som nærmaste overordna. Ein har teieplikt i samsvar med § 13 i forvaltningslova. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetjing.

Søknad og CV sendes på e-post til
post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no

Attestar og vitnemål tek ein med på eit evt. intervju.

Søknadsfrist: 20.02.2018.


Del denne artikkel på e-post