Konsert i Kvinnherad kyrkje, søndag 21. januar kl. 19.30

Konsert i Kvinnherad kyrkje, søndag 21. januar kl. 19.30

Søndag kveld ynskjer vi folk frå heile kommunen velkomne til Kvinnherad kyrkje!

Lina Håland, prest i Uskedalen og kjend av mange for si flotte songrøyst, vil trø til med eit repertoar som strekkjer seg frå enkle og stillfarande Lina Sandell sine songar, til legender som Duke Ellington og Andrae Crouch, med litt meir trøkk! For å spegle litt av livet sine mange sider, vil ho ta med nokre viser av Ole Paus, Sigvart Dagsland og Ola Bremnes, saman med nokre saftige tradisjonelle gospellåtar!

Audun Tvedten er ein svært habil saxofonist frå Halsnøy og Strupebandet der. Når han blandar tonane sine inn i Lina sin song, er det duka for lett gåsehudfaktor! Audun vil også ha eit par solonummer saman med organist Marit Lindekleiv!

Men Lina sitt engasjement strekkjer seg langt ut over Kvinnherad sine grenser. Barneheimen “Umred Home“ i India har blitt i fokus for mange i familien hennar, og ho reiste dit i oktober i fjor for 7. gong! Konserten på søndag vil bli ein støttekonsert for dette prosjektet, og Soknerådet har bestemt at kollekten skal gå til dette arbeidet! Lina er full av inspirasjon etter turen til India i haust, og vil naturleg nok bruke litt tid til å dele noko av det ho har opplevd med publikum!

Set av kvelden og få gjerne nokon med deg til ein allsidig og varm konsert, med fokus på Guds nåde til oss, og vårt gjensvar - omsorg for andre som ikkje har det så godt som vi!

Velkomen til kvar og ein!

For Soknerådet Marit Lindekleiv


 

Del denne artikkel på e-post