Sørstatsstemning i Eid kyrkje

Sørstatsstemning i Eid kyrkje

Folk måtte sitja både i kor, midtgang og stå bak ved inngangen i Eid kyrkje på Halsnøy då Lina Håland, Marit Lindekleiv og AudunTvedten inviterte til konsert for å støtta barneheimen Umred Children Home i India torsdag kveld.

Lina Håland kom nett heim frå ei lang reise i India, der ho også vitja barneheimen som mor hennar er den norske primus motoren for å samla inn pengar til. På barneheimen bur det tjue gutar og seks jenter. For tida har nokre av jentene senger, medan gutane søv på tynne madrassar på golvet.

– Ein litt annan komfort enn vi er vane med, konstaterte Lina.

Ved utgangen vart det samla inn totalt 23.000 kroner til barneheimen. Pengane skal gå til senger til borna, etebord og vonleg ein minibuss som dei kan køyra rundt i.

– Bilen dei har i dag har dører som borna ikkje må lena seg mot, sjølv når dei er låste att, fortalde Lina.

Programmet under konserten spente frå vakre, svenske salmar av Lina Sandell til fengjande sørstatsgospel og spirituals. Publikum fekk høyra både moderne gospel med Andrae Crouch-låtar som «Jesus is the Answer» og «To God be the Glory», og tradisjonelle gospellåtar som «This Little Light of Mine» og «Just a Closer Walk with Thee». Lina fekk med publikum på spirituals-songen «Go, Tell it on the Mountain». – Denne versjonen lærte eg i USA, og den er hakket meir groovy enn slik de kanskje har høyrt han før, sa Lina. Halsnøybuen var ikkje vanskelege å be med på allsong. Innimellom fekk publikum høyra saksofon- og orgelduoen Tvedten og Lindekleiv spela Cavalleria Rusticana og Gabriels Obo. Lina hadde bak seg ei veke med vondt i halsen, men framføringa var plettfri. Er det nokon som har stemme som ei sørstatsdame i Kvinnerad, så er det sokneprest Lina Håland.

Tekst: Mari Mehl (www.grenda.no)

 


Del denne artikkel på e-post