Konsert- og barnekunst-kveld!

Konsert- og barnekunst-kveld!

...til inntekt for nytt orgel i Kvinnherad kyrkje.

Søndag 5. november samlar  musikalske krefter seg for å løfte fram god musikk og eit godt prosjekt. Kvinnherad kyrkje treng eit nytt orgel. Orgelet som er der i dag er utdatert og til dels øydelagt, og på grunn av  at det tek fleire år å bygge nytt orgel så treng vi starte arbeidet no.

Kantor Eva Megyesi, Rosendal barnekor, Kyrkjekoret Nordsaang, trompetist Liv Signe Bleie Ulvestadbakken og tverrfløytis Kristine Hestad vil gje ein times musikalske høgdepunkt. Denne konserten passar svært godt for barn og familiar, både på grunn av at den startar tidleg på kvelden, vert på ein time, og  alle born vil ta del i konserten ved å  lage eigne "lydbilete". Borna får utdelt  papirplater og mykje fargeblyantar, til å teikne lyden frå konserten. Dei som vil kan stille ut sitt kunstverk i våpenhuset (inngangen) til kyrkja etter konserten.

Konferansier for kvelden vert Solfrid Hellesøy Siqveland

Arr: Kvinnherad kyrkje


Del denne artikkel på e-post