Felles gudsteneste for heile Kvinnherad

Felles gudsteneste for heile Kvinnherad

Søndag 29. oktober kl. 11.00 vert det felles gudsteneste i Kvinnherad kyrkje.

Reformasjonen er 500 år i år. Reformasjonen starta då Martin Luther i 1517 hengde opp 95 teser mot avlatshandelen. Reformasjonsdagen blir kvart år markert 31. oktober, og i år har det sjølvsagt vore mange store markeringar gjennom heile året. Tysdag 31. oktober er det prostidag i Fitjar, mellom anna med kveldsgudsteneste der biskop Ole D.Hagesæter er saman med oss.

Her i Kvinnherad vil me og markera reformasjonsjubileet med ei felles gudsteneste for heile Kvinnherad. Den vert i Kvinnherad kyrkje (Rosendal) søndag 29. oktober kl 11.00. Det vert flott song og musikk ved kantor Eva Megyesi, kyrkjekor og solistar. Alle 4 prestane i Kvinnherad kommune vert med, og me oppmodar folk frå alle sokn i vår vidstrakte kommune om å ta turen til Rosendal den dagen.

Tema for gudstenesta er: «Frelsa er ikkje til sals». Det heng godt saman med sjølve starten på reformasjonen, då Luther protesterte mot at ein ved pengar kunne betre sitt tilhøve til Gud. Han «gjenoppdaga» den viktige sanninga som han utrykte med «nåden åleine».

Vel møtt!


Del denne artikkel på e-post