Gøy med Gulliver på søndagsskulen

Gøy med Gulliver på søndagsskulen

Gulliver i Steinparken i Rosendal

Omvikdalen søndagsskule starta hausten med stor-samling ute i Steinparken. Rosendal Barnekor deltok og 25 femåringar var spesielt inviterte. Det var stor stas at Gulliver dukka opp og vart med oss. Han seier lite, men er flink til å visa teikn til songane og å gje mjuke bamse-klemmar.

Vi fekk vera med Moses og Israelsfolket på vandring i ørkenen. Stor var undringa då det kom vaktlar (kyllingvenger) dalande ned frå himmelen. Vi "overnatta" i telt. Du vil ikkje tru det, neste morgon var bakken dekka av eit kvitt lag. Det smakte som marshmellows (og puffa ris), manna, vart det kalla. Vi takka Gud for at vi har nok mat, og ba om hjelp til å dela med andre.

Det vart god tid til maling på mystiske ark. Mens vi malte dukka ord opp på arka. Ord som: Hjelp, velsigning, vennskap, tilgjeving. Alt dette er gode gåver som vi får frå Gud. Tilslutt var det utdeling av Barnas (søndagsskule-blad) og vi åt niste ilag. Takk til alle de som kom,  og gjorde dette til ei super samling!

"Manna" på bakken.

 


Del denne artikkel på e-post