Høgtid og historie

Høgtid og historie

Ein regnfull sundagskveld i august var biskop Biskop Bernt Eidsvik frå Oslo katolske bispedømme tilbake på Halsnøy der klosterbrørne hans levde og virka fram til for 500 år sidan.

Biskopen var tilbake og feira gudsteneste saman med kyrkja som braut ut frå moderkyrkja som han framleis er ein del av. Når han skrid inn i Eid kyrkje til orgelmusikk, i sin mektige bispeskrud, blir me som sit i benkene flytta ut av kvardag og alt det tilvante. Hodeplagget til biskopen er stort og prektig, og det peikar oppover; slik også den kommande gudstenesta skal komma til å gjera. Eidsvik kjem inn i kyrkja med vår eigen biskop. Begge kledde i så store kappar, at det er tydeleg for alle at dei representerer noko større enn seg sjølv. Saman går dei to framover, mot alteret; og alt det dei har felles. For i løpet av gudstenesta formidlar både ord og tonar at ein står på same grunn. Og den opne og anerkjennande haldninga biskopane har til kvarandre, gjer at me som sit i benkeraden kjenner oss trygge.

Biskop for ein dag.
Det er prost Svein Arne Theodorsen som er fungerande biskop denne dagen. Han er «biskop for ein dag». Og me må spørja: Korleis var det å vera biskop på nettopp ein dag som dette?
Biskop Halvor Norhaug var invitert til samarbeid og samtalar med Biskop Eidsvik og riksantikvaren, men han hadde ferie på denne tida, og ville derfor at eg skulle delta som fungerande biskop. For meg var det ei god oppleving, ja, ei stor hending. Det var eit flott initiativ som var tatt, og eg er glad me fekk ei felles gudsteneste med samarbeid om både førebuing og gjennomføring, seier Theodorsen.

Økumenikk: Å styrkja kristen einskap
Gudstenesta var sett saman med ledd frå begge kyrkjene; eit uttrykk for respekt og ei oppleving av samhald. Sankta Sunniva kammerkor under leiinga av Tore Kloster gav ein smakebit av tonar og bøner frå den katolske kyrkja. Biskop Bernt Eidsvåg held talen som han med eit glimt i auget forklarte var tenkt å vera ein kombinasjon av eit historisk foredrag og forkynning, noko han i utgangspunktet ikkje trudde kunne bli bra. Men talen var både til å bli klok av og oppbygd av, så han lukkast med kombinasjonen.

Kyrkjene har framleis ulikt syn i ein del saker. Derfor blir dei også verande to ulike kyrkjesamfunn. Det blei det heller ikkje lagt skjul på, men skilnaden var ikkje det viktige denne dagen. Det var det som samla som stod i fokus. Det som er økumenisk skal fremja einskap i kyrkja, og det var nett det gudstenesta gjorde.  Me tok ei steg tilbake for å finna eit felles utgangspunkt for så å ikkje berre snakka om fellesskap, men for å vera saman i gudstenestefeiring. Det må vera to steg framover for den verdsvide kyrkja. Og dette fekk me, flokken som var samla i Eid kyrkje sundag kveld, vera ein del av! Det var nesten som me fekk ta eit steg opp frå både teologisk debatt og kvardag og sut.

Der me sit i benkeradene kjende me oss privilegerte som fekk vera med på gudstenesta denne sundag kvelden. Og mange stilte spørsmålet: Kor uvanleg er dette, at den katolske kyrkje og den lutherske har ei gudsteneste i lag?

Det har vore viktige og nyttige samtalar mellom den lutherske og den katolske kyrkja på verdsbasis, noko som gir oss eit grunnlag for å ha slike gudstenester. Men vanleg er det ikkje. Nokre stader har dei lokale kyrkjene felles gudsteneste, men når biskopen av Oslo katolske bispedømme kjem til Halsnøy, må dette seiast å vera eit særsyn. Derfor blei det også så flott å få oppleva dette, seier Theodorsen og minner om kor synleg samarbeidet blei for alle då Pave Frans og generalsekretær Martin Junge i Det lutherske verdensforbund heldt kvar si preike ved den felles katolsk-lutherske gudstenesta i Lund domkyrkje i Sverige og underteikna ein felles uttale om katolsk-luthersk dialog og samarbeid på reformasjonsdagen 31. oktober i fjor. Dei talte begge om at katolikkar og lutheranarar står saman om einskapen i Kristus. Gudstenesta fokuserte på takk, oppgjer og forplikting til å framstå med eit felles vitnesbyrd.

Pilegrimsleia.
Riskantikvar Jørn Holme deltok også på gudstenesta. Under ei samling på kosteret fortalde han at Halsnøy blir eit besøksmål i den nye Kystpilegrimsleia. Og med riksantikvaren til stade, var det som om den historiske linja blei synleg for oss. Halsnøy kloster er ikkje berre eit museum; det vitnar om tider då fromme, og ikkje fullt så fromme munkar har levd sine liv der, i trua på den same freslar som det blir peika på i dei faste gudtenestene i Eid kyrkje.

Ordførar Peder Sjo Slettebø tok initiativ til gudsteneste og var sjølv organist i Eid kyrkje denne dagen.

Tekst: Marit Elisebet Høines Totland
Foto: Torstein Aarthun


Del denne artikkel på e-post