Sommarkonsert i Valen Kyrkje

Sommarkonsert i Valen Kyrkje

Familien Ozolini held konsert i Valen kyrkje torsdag.

Torsdag 10. august kl. 19.00 vert det konsert i Valen kyrkje. Konserten blir med familien Ozolini frå Latvia. Dette er ein musikarfamilie som fleire somrar har hatt konsertturnear i Norge. Dei har mellom anna hatt fleire konsertar i Kvinnherad kyrkje, og i fjor i Valen Kyrkje. Også i år vert konserten i Valen kyrkje.

Familien trakterer piano/orgel, tverrfløyte, saksofon, fiolin og gitar. Dei fleste er profesjonelle musikarar, og dei held eit høgt nivå. I år er det fem av familiens medlemmer som står for musikken. Familien presenterer eit svært variert program. Dei speler klassisk, salmar/songar, populærmusikk og litt jazz. Ofte syng dei også litt. Alle er hjarteleg velkomne til konsert. Det blir ikkje inngangspengar, men dei som ønskjer det kan gje ei gåve til familien ved utgangen.

Grete Tvedt


Del denne artikkel på e-post