Økumenisk gudsteneste

Økumenisk gudsteneste

Eid kyrkje, søndag 6. august kl. 19.00 

Økumenikk er eit framandord som handlar om samarbeid mellom kyrkjer, kristne trussamfunn og organisasjonar både i Noreg og internasjonalt. Jesus sjølv bad om «at dei alle må vera eitt… for at verda skal tru» (Joh. 17, 21). Den norske kyrkja ynskjer at arbeid for einskap mellom dei ulike kyrkjene skal ha stort fokus.

Ordet økumenikk kjem frå det greske ordet «oikoumene» som betyr omlag «heile den bebudde verda». Det er eit omfattande begrep og handlar om både dialog mellom kyrkjene om teologiske spørsmål, samarbeid om misjonsoppdraget og samarbeid om diakoni og samfunnsspørsmål. Økumenisk samarbeid foregår på mange plan, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. 

Utgangspunktet for den økumeniske gudstenesta som skal vera i Eid kyrkje søndag 6. august, er at Kvinnherad kommune har starta ein prosess for å løfta fram Halsnøy Kloster i eit historie-, kultur- og reiselivs-perspektiv. Kommunen har planar om eit arrangement ved Halsnøy Kloster søndag 6. august der både riksanti-kvar Jørn Holme og biskop Bernt Eidsvig av Oslo katolske bispedøme vil vera tilstades. I samband med den historiske hendinga at ein katolsk biskop vitjar Kvinnherad, tok ordførar Peder Sjo Slettebø kontakt med Fellesrådet og Fjelberg og Eid sokneråd med spørsmål om det ville vera mogleg å få til ei økumenisk gudsteneste denne dagen. Og dette skulle sjølvsagt la seg gjera, var svaret.


Kommunen har vidare invitert biskopen av Bjørgvin til å vera med, men då han er på ferie den tida vil prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, delta som fungerande biskop. Ordføraren uttrykker stor glede over at Kvinnherad kyrkjelege fellesråd, saman med soknerådet, vil medverka til ei slik gudsteneste i dette reformasjonsåret.

Og du som les dette, ja, du er altså velkommen til å koma og vera med og oppleva det økumeniske fellesskapet i Eid kyrkje søndag 6. august kl. 19.00. 


Del denne artikkel på e-post