Kva er MI KYRKJE?

Kva er MI KYRKJE?

I Kvinnherad har me mange flotte kyrkjer, og dei er viktige for oss. Kyrkja i eiga heimbygd vil alltid ha ein viktig plass i hjarta vårt.

Det er fint å ha eit slikt nært forhold til ei bestemt kyrkje. Men kan hende skal me også utfordra kvarandre til å tenkje litt annleis? Kva er kyrkja? – Ja, det er huset som står der, der me kan hende vart både døypt og konfirmert. Men kyrkja er noko meir, den er først og fremst FOLK som samlast om det viktigaste, om ordet som vert forkynt og om sakramenta, dåp og nattverd. 

Sidan me har så mange kyrkjer i kommunen vår er det mange stader det ikkje er så ofte gudsteneste, særleg kan det gå langt tid mellom kvar gong no i sumartida. Då vil me oppmoda alle til å tenkja: Kor er det samling om ord og sakrament denne søndagen? Kan hende kan eg køyre nokre kilometer ekstra og vera med på ei gudsteneste ein anna stad. Og kan hende kan eg tilby skyss til nokon som ikkje kjem seg dit sjølve?

Beste helsingar
Reidar Ådnanes
Sokneprest i Husnes og Holmedal
tlf. 90954921
 

Klikk på bildet så finn du plakaten som viser ein oversikt over kvar det er gudsteneste i Kvinnherad dei ulike søndagane i sommar.


Del denne artikkel på e-post