Hobbyklubben i Valen kyrkje

Hobbyklubben i Valen kyrkje

Likar du å laga ting?

Likar du å vera saman med andre og gjera kjekke ting ilag? Du som er 4 - 9 år er velkommen på Hobbyklubben i Valen kyrkje tysdag 24. oktober kl 17.30-18.30. Då vil du bli betre kjend med Hobbyklubben. Vi skal høyra ei bibelfortelling, synga i lag og laga noko artig. Om du fyller 5 år i år er du spesielt invitert. Vi ynskjer å gi deg ei 5-års gåve slik at du kan lære meir om kva kristen tru og dåp er. Ta gjerne med ein vaksen du kjenner.

Hobbyklubben har samling anna kvar tysdag.  Søk opp Hobbyklubben, Valen på Facebook om du vil følgja oss.

Vi gler oss til å møte deg!

Helsing Hildegunn Aarthun, Toril og Alf Jarle Langeland

 


Del denne artikkel på e-post