Minnelund på Husnes

Minnelund på Husnes

Husnes gravplass har no fått ein minnelund som lenge har vore etterspurd. 

Minnelund er fyrst og fremst tenkt som eit tilbod til dei som ynskjer ei namna grav å gå til, men som ikkje har høve eller ikkje ynskjer å setja opp eige gravminne. Med å velja ei grav på minnelunden treng ein ikkje å tenkja på stell av grava og gravstøtte.

Minnelunden har fått ein nydeleg plass nære kyrkja med flott utsikt mot sjøen. Eit stort tre midt på plassen gir minnelunden eit vakkert preg. Steinen som er sett opp skal minna om dei mektige fjella i Kvinnherad. På steinen vert det sett opp plater med namn og dato for fødsel og død på dei som vert gravlagd på minnelunden. Det er som regel urner som vert sett ned på ein minnelund, men det er òg høve til å setja ned kister. 

Minnelunden kom opp i rekordfart, ikkje minst takka vere vår dyktige multi-kunstnar Alf Jarle Langeland, som har jobba iherdig med å få minnelunden ferdig. Allereie eit par dagar etter at minnelunden stod klår vart den første urna sett ned og den første namneplata sett opp. Alle som bur i kommunen har rett til fri grav. Eingongsavgift for bruk av minnelunden er 3.000 kroner. Prisen inkluderer namneplate med montering og stell av området i dei 30 år grava er freda. Ynskjer ein å forlengja festetida etter 30 år gjeld vanleg festeavgift. Namneplata får då stå på steinen så lenge festeavgift er betalt.


Del denne artikkel på e-post